Lindås kulturråd - eit historisk talerøyr for kulturen
Lindås kulturråd og Radøy musikkråd er førløparane til Alver kulturråd.Styret i Lindås kulturråd 2015-2019
2015 - Kvelden den 13 april 2015 var spesiell - Lindås kulturråd blei etablert som det første kulturrådet i kommunen si historie. Ei særs dedikert arbeidsgruppe gjorde eit forarbeid det står respekt av, og det nyvalde styret fekk ein god start på arbeidet. Lindås kulturråd er ein høyringsinstans for kommuneadministrasjonen, og eit talerøyr for kulturrelaterte lag og organisasjonar.
- Vedtekter for Lindås Kulturråd
- Samarbeidsavtale med kommunen - KO 9 mars 2017.pdf
- Lindås kulturråd - inspirasjonspris
Arbeidsgruppa, som gjennom eit par år jobba fram eit godt grunnlag for Lindås kulturråd, bestod av Johannes Rydland, Rune Brundtland og Gro Sundal. Frammøtte bestod av ordførar, kultursjef og 17 interesserte lag og organisasjonar.
2016 - Dette andre året i Lindås kulturråd si historie har vore eit særs aktivt år. Styret har fått fleire saker til uttale og formalitetar byrjar å ta form. Litt etter kvart kjem strukturar på plass i form av samarbeid med kulturkontor, Frivilligsentral, administrasjon og politikarar.
Arbeidsmetodar i styret gjer at alle i styret finn det viktig, nyttig og interessant å delta i styrearbeidet. Lag og organisasjonar melder seg som medlemar og dei har fått ein aktiv aktør til å formidle og handsame saker innan det frivillige kulturfeltet.
2017 - Dette året blei nok eit år med stor aktivitet i Lindås kulturråd. Ofte er det slik at vegen blir til medan ein går når ein gir seg ut i ukjent terreng. Ein finn ut etterkvart kor innsats må leggast. Det gjeld å finne ein rytme for både arbeid og nettverkspleie.
Inspirasjonsprisen gjekk til Skodvin Skulemusikk
2018 - Lindås kulturråd fester grepet som kulturpolitisk aktør.
Inspirasjonsprisen for 2017 gjekk til Hjelmås Mannskor og Songkoret Albatross
2019 - Lindås kulturråd er inne i sitt siste driftsår, andre gongs årsmøte er avvikla og Lindås kulturråd er oppløyst i henhold til vedtektane. Lindås kulturråd fungerte ut året 2019. Då tok Alver kulturråd over stafettpinnen.
Årsmøte 2019 var på Hagellia Matstove (Dampen) i Knarvik 24 april 2019 kl 17. I den samanheng blei medlemslaga invitert med to representantar til middag.
- Sak til årsmøte 24 april 2019.pdf
- Lindås kulturråd - Protokoll årsmøte 24 apr 2019.pdf
Inspirasjonsprisen for 2019 gjekk til Eikanger Bjørsvik Musikklag
Biletetekst: Årsmøte andre gang 27 nov 2019 i samband med oppløysing
Grunnlaget for Alver kulturråd blei lagt i Lindås kulturråd (2015 - 2019) og Radøy musikkråd. For å stifte kulturrådet så jobba interimstyret i heile 2019 og desse sat i interimstyret: Gro Sundal, Per Ole Ekker, Rut Alise Kongevoll, Arild Hagenes, Laura Camilla Størseth og Håkon Aase. Vi vil nytte høvet til å takke interimstyret for gode møter og konstruktiv progresjon i arbeidet.