Meld deg inn i dag - send epost til Alver kulturråd

Alver kulturråd er ein høyringsinstans for kommuneadministrasjonen, ein medspelar for politikarane og eit talerøyr for kulturrelaterte lag og organisasjonar.

Det er ei styrke at dei kulturrelaterte lag og organisasjonar kan samlast under eit kulturråd slik idrettslaga har sitt idrettsråd. Vi håper at ditt lag kan sjå nytta av å vere del av ein felles kulturstemme når planar skal leggjast, pengar skal fordelast og bygg skal reisast. Kommuneadministrasjonen og politikarane treng å samspele for at gode tenester skal samskapast med frivillige lag og organisasjonar.

I Alver er totalt kring 740 lag og organisasjonar registrert, kor rundt 410 er registrert i Frivilligregisteret.  Ca 80 av desse laga er kulturrelaterte lag. Du kan lese meir om lag og organisasjonar her