Evt kutt i kulturmidlar uttale

Publisert av Ivar Hopland den 17.10.25.

Kulturen er ikkje ein budsjettpost – det er framtida vår

Lesarinnlegg frå Alver Kulturråd

Alver Kulturråd reagerer på dei foreslåtte kutta innan kultursektoren i Alver kommune. Me forstår at kommunen må sikra økonomien, men vil minna om at kulturtilbod og frivillig innsats ikkje berre er tal i eit budsjett – det er grunnmuren i lokalsamfunnet vårt.

Eit rikt og variert kulturliv gjev born og unge høve til å utvikla talent og interesse, og gjev vaksne arenaer for fellesskap og trivsel. Når kulturskulen, biblioteka, ungdomsklubbane, idretten og dei frivillige laga vert svekka, går det utover både inkludering, førebygging og livskvalitet.

Kutt i kulturskulen kan føre til at fleire born ikkje får råd til å delta. Reduksjon i kulturmidlar vil ramma lag og organisasjonar som gjer ein avgjerande innsats for lokalt fellesskap og demokrati.

Den vedtekne kulturplanen «Kultur som drivkraft» slår fast at kultur skal vera ein grunnleggande motor for samfunnsutviklinga i Alver. Difor oppmodar Alver Kulturråd kommunepolitikarane til å stå ved desse ambisjonane – og ikkje kutta i kulturmidlane.