Økonomi

Publisert av Ivar Hopland den 09.07.25.

Innsamling, utdeling, prisar, utmerkingar - alt dette dreier seg ofte om pengar og verdiar.

Penger

Penger skal gå til aktivitet og tilrettelegging.  Nokre basarar, lotteri og loddsal er av liten skala medan andre er av nasjonal karakter. Norge har ein særskilt tradisjon for dugnad, loddsalg og andre formar for innsamling til gode formål. Idag er mykje av dugnaden flytta over på digitale plattformar og sosial media. Folkefinansiering (crowdfunding) blir meir og meir utbredt.

Prisar og utmerkingar

Nokre prisar er årlege utdelingar som verdset eldsjeler innanfor eit spesifikt tema som til dømes musikk, idrett, likestilling med meir. Andre utdelingar er retta mot generelt frivillig arbeid og kultur. Prisutdelingar og prisvinnarar kan vere til ein person, fleire personar, grupper og lag innan ein kommune eller eit geografisk område.


Innsamlingar

Norge har ein særskild tradisjon for dugnad, vi stiller opp og stør opp om fellesskap, anten i idrettsklubb, nabolaget eller ein forening vi er med i. Det er mange innsamlingar gjennom året, nokre går til same tid kvart år, medan nokre er aksjonsinnsamlingar som oppstår når noko skjer omkring i verda.

Rekneskap for frivilligheten pr juni 2023

Den norske befolkning utfører ulønna arbeid tilsvarande 142.000 årsverk, mens lønna arbeid i same sektor utgjer 91.600 årsverk. Det frivillige liv står for meir enn 4 % av brutto nasjonal produkt (BNP).