Styremøter - Alver kulturråd har ordinære styremøter ca ein gong i månaden.
Medlemsmøter - vi freister å halde eit medlemsmøte/medlemskveld to gonger pr år.
Årsmøter - dette møtet held vi i april månad kvart år.
Alver kulturråd har eit godt samarbeid med administrasjonen i kommunen og rådet har mange faste gjeremål og tett oppfølging av pågåande saker.
- samarbeidsavtale med kommunen
- uttale og jury kulturprisen og frivilligpris
- uttale fordeling av rammar kulturmidlar
- uttale fordeling kulturmidlar hovudtildeling våren
- uttale fordeling kulturmidlar resttildeling hausten
- uttale regelverk for utleige
- uttale kommuneplan samfunnsdel høyringsutkast
- uttale reguleringsplanar
- aktiv i referansegrupper i samband med kommunale nybygg
- følger aktivt saken kring kulturhus - arealplassering