Husk frist for tilskotsordningar for kultur og idrett
No kan du søka prosjekttilskot til idretts- og kulturformål og tilskot til arrangement. Ordningane skal støtta utviklingsprosjekt, produksjonar, innkjøp av utstyr, festivalar, konsertseriar, meisterskap og liknande. Les skildringa av ordningane og vel den de meiner er mest aktuell.
Søknadsfrist er 15.april.
Det er årsmøtetid i lag og organisasjonar dei neste månadane så ta ein ekstra sjekk både i Frivilligregisteret og i "Kva skjer i Alver" om informasjonen om laget ditt er riktig.
Alver kulturråd er beden om å vere ressurs i det som kallast "Rådgjevande organ." Dette er eit fora for representantar frå kulturråd, idrettsråd, koordinator helse og dei 3 Frivilligsentralane i kommunen. Dette fora skal nyttast til gjensidig informasjonsutveksling og idèskaping innan temaet frivillighet. Meir info kjem etterkvart......